Oppdatert den 10 april 2003

Har lenge hatt i tankane dette, å legge ut ei rein musikkside, men å lage ei side om ein spesiell artist har eg sett på som dødfødt, då det finns nok av dei ute på nettet. So dermed enda eg opp med ei side der eg kan legge ut alle mine favorittar, samtidig som eg gir andre ein sjangs til å oppdage dei? Har teke sjansen på å legge peikarar for kvart album til  CDNOW der du kan høyre lyd-snuttar av nesten samtlige album (Klikk på coveret). Ein del er kun utgitt i USA, medan andre kun er utgitt i Europa, men då linkar eg til biografien, slik at du uansett kan få høyre kva musikk det er. Veit ikkje kor lovleg dette er, men eg tjener iallefall ikkje pengar på det! Her kan du også leite med norske prisar!  Samtlige album eg har lagt ut er utgitt på cd, og skal vere fullt muleg å oppdrive. Du må også gjerne skrive og lese i gjesteboka mi.

Vil også gjere det klart at eg slett ikkje er nokon musikkjournalist, so de får ta dette for det det er.Om du skulle ha ønskje om å vite meir om eit band eller artist, kan du gå inn på All Music Guide. Der finn du det meste om dei fleste.  



60 TALS MUSIKK

Sjølv med min ekstremt høge alder, var eg nok for ung til å få med meg dei heilt store musikkopplevelsane på 60 talet. Hugsa eigentleg ikkje heilt kva eg lytta til, bortsett frå Johnny Cash, Merle Haggard, Buck Owens og Bobby Bare. Sjølv om det var ein aldri so liten Beatles feber i bygda, gjekk det ei stund før eg fekk augene opp for dei. Den meir psykedeliske musikken ga meg først ein "aha" opplevelse på 80 talet, då desse smålabelane begynte å reutgi garajerock ala Sonics, Electric Prunes m.m. Her har eg teke med noko av det eg syns er veldig bra!

70 TALS MUSIKK

Make Love Not War, Peace And Love...Langt hår, terylenbukser med mest muleg sleng, platåsko og grelle fargar. Det tiåret rocken for alvor gjorde sitt inntog i livet mitt. Då var køntri ute for ei stund, medan Nazareth, Status Quo, Slade o.l surra rundt på platespelaren. Forholdet til desse gruppene har nok vorte meir platonisk etter kvart, men heldigvis dukka det opp andre og meir interessante band etter kvart. Her er noko av det eg meinar er verdt å merke seg frå det tiåret.

80 TALS MUSIKK

80 talet er blant "musikkjennarar" det verste tiåret når det gjeld populærmusikkutgivelsar, noko eg tildels kan vere einig i, men som eg også vil forsvare litt. 80 talet baud nemleg også på mykje bra musikk, viss du heldt deg unna listepopen. I USA dukka det opp band som gjekk nye og spennande vegar, som REM, Jason And The Scorchers, Wall Of Voodoo,Del Fuegos, Rank And File, Green On Red, Husker Du, Violent Femmes, Thin White Rope m.m. Frå England hadde du band som The Smiths, The Cure, Psychedelic Furs, Lloyd Cole And The Commotions, (nye)Stranglers, Pretenders, Police m.m. Frå Australia kom Crowded House, Beasts Of Bourbon, The Saints m.fl. Dette var også tiåret då countrymusikken fekk sin rennesanse. "Køntri" var ikkje lenger eit tabuord, og folk gjekk mann av huse for å oppleve artistar som Dwight Yoakam, Steve Earle, Long Ryders, Lyle Lovett m.fl."live". Oslo vart nesten innvadert av nye oppadstormande artistar med konsertar på Ratz, Gamla, Cruise Cafe, Chateu Neuf, Waterfront og Sardines, og dessverre var konsertprogrammet so tettpakka at du hadde problem med å få med deg alt. Også platesjappene satsa på køntri, og den store amerikanske bølga var over oss. Har samla ein del av desse artistane i ein eigen country bolk. Her er først og fremst ein del av rocken eg syns fortjener ein del oppmerksomheit.

90 TALS MUSIKK

Grønsj og No Depression. Dette var tiåret for gitar-rockens rennesanse.Det skulle vere heavy, med referanser til 70 tals rock. Seattle var den store rockebyen,der diverse band dukka opp som paddehattar. Eks: Mother Love Bone, Pearl Jam, Alice In Chaines, Soundgarden, Mudhoney, Screaming Trees m.m. I England var det tilbake til 60/70 talet og pop ala The Beatles, med band som Oasis, Blur, Pulp o.l

COUNTRY/FOLK/BLUEGRASS

ALTERNATIV COUNTRY

Country er nok den musikkforma som har lege mitt hjerte nærast, truleg fordi eg vaks opp med artistar som Johnny Cash, Buck Owens, Merle Haggard og Bobby Bare. Dei tre siste forsvann ei tid ut av livet mitt, for sidan å dukke opp igjen på midten av 80 talet, medan Johnny Cash overlevde det rocka 70 talet. No skal det vere sagt at countrymusikken på slutten av 70 talet var mildt sagt begredeleg. Mange artistar som Dolly Parton, Nitty Gritty Dirt Band og New Riders Of The Purple Sage vende det tradisjonelle ryggen, og det skulle vere dansbart og pop.Såg mørkt ut då ei stund, men gudskjelov, på begynnelsen av 80 talet dukka det opp grupper som Jason And The Scorchers, Rank And File, Long Ryders og artistar som Dwight Yoakam og Lyle Lovett, som ga oss nytt håp. Band som Jason And The Scorchers fekk dei unge til å sjå med andre auge på denne musikkforma, og brått var "country "hipt". Dette heldt seg gjennom heile 80 talet, for so å gi plass til den nye alternative bølga kalla "No Depression", som leverte grupper som Uncle Tupelo, Whiskeytown, Bad Livers, Jayhawks m.m. Her har eg ein del av mine favorittar, samtidig som det er ei sterk anbefaling!

****

Heim igjen