ALTERNATIV COUNTRY
UNCLE TUPELO
March 16-20, 1992
Etter fire utgivelsar løsna det for Uncle Tupelo, med cd'en "Anodyne". Dette er nummer to, som er heilakustisk, med covere av blant andre Louvin Brothers. Høgdepunkt: "Grindstone", "Coalminers" og "Atomic power".Sterkt anbefalt!
JOE HENRY
Short Man's Room
Mannen som aldri(?) gir ut ei plate i same musikksjanger. Her er det country/countryrock med The Jayhawks som backing-band. Høgdepunkt: "Short man's room","King's highway" og"Good fortune".Heilt ulik den forrige, "Shuffletown" som er meir "laidback" men også å anbefale.
SON VOLT
Trace
Ein av frontmennene i Uncle Tupelo, Jay Farrar, danna dette bandet etter bruddet. I same gate, omtrent, som Tupelo. Høgdepunkt: "Windfall", "Tear stained eye"og "Catching on".Varierer heile tida frå roleg til det meir rocka.
WILCO
Being There
Den andre av frontmennene i Uncle Tupelo, Jeff Tweedy, står bak dette bandet.Varierer frå rein country til rock. Av ein eller annan grunn syns eg Wilco er hakket bedre enn Son Volt. Høgdepunkt: "Outtasite (outta mind)","Red eyed and blue" og "Someday soon"
WHISKEYTOWN
Strangers Almanac
Country-rock ikkje ulikt dei overståande, men med sterke peikarar til Gram Parsons. Masser av høgdepunkt som "Dancing with the woman at the bar" og "Excuse me while I break my own heart tonight". Gjeste-vokalist: Alejandro Escovedo (Rank And File). Veldig bra!! Sjekk også ut "Faithless Street".
RYAN ADAMS
Heartbreaker
Sterk solo-utgivelse av mannen bak Whiskeytown, i beste singer/songwriter stil ala Steve Earle. Også her ligg Parsons spøkelset og lurer i bakgrunnen, utan at det skjemmer nevneverdig. Sjekk ut "Oh my sweet Carolina" med Emmylou Harris, Bob Dylan aktige "To be young"og "Come pick me up". Stor plate!!
OLD 97'S
Wreck Your Life
Country-rock/Americana/Bluegrass. Opprocka country som berre må høyrast. Sjekk ut "The other shoe"; "My sweet blue-eyed darling" m.m. Prøv også å få med deg "Too Far To Care", som er fullt på høgde med denne!
THE WALKABOUTS
Satisfied Mind
Chris Og carla har her teke seg av sangar av artistar som Gene Clark, Nick Cave, The Carter Family m.fl, og resultatet er absolutt bra! "Scavenger", som også er veldig bra, vil gi deg ein liten peikepinn, då "Satisfied Mind" kan vere vanskeleg å få tak i.
MARAH
Let's Cut The Crap And Hook Up Later Tonight
Ikkje so ulikt Uncle Tupelo m.fl, men her er variasjon i massevis, med alle mulige slags instrument innolvert. Artig plate!
SNAKEFARM
Songs From My Funeral
Veit ikkje heilt om dette kjem inn under country-sjangeren, men denne duoen har teke seg av gamle tradisjonelle sangar som "House of the rising sun","Tom Dooley" og "Banks of the Ohio" og lagt dei i ei litt meir moderne technodrakt. Meget bra resultat!
JAYHAWKS
Hollywood Town Hall
Jayhawks er eigentleg vanskeleg å sette i nokon spesiell bås, men kan virke som ein mutasjon av Neil Young, Gram Parsons og 80 talets Long Ryders, men med sitt heilt spesielle sound. Countryrock til å nyte! Høgdepunkt: "Two angels";"Sister cry" og "Crowded in the wings". Få også med deg "Smile", som eg syns var eit av år 2000's beste pop-album.
FRED EAGLESMITH
Lipstick, Lies And Gasoline
Rock/Countryrock frå Canada utan samenligning forøvrig. Dette må berre opplevast. Sjekk ut: "Drinking", "Gun" og "Alcohol"
BLUE RODEO
Five Days In July
Canadisk band som dukka opp på midten av 80 talet med plata "Outskirts". Melodiøs country-rock, med tidvise twangy gitarinnslag. Høgdepunkt: "Photograph" (nyt den gitarsoloen!), "5 days in may" og "Head over heals". Anbefalt!!
BILLY BRAGG & WILCO
Mermaid Avenue
Mermaid Avenue er gata der Woodie Guthrie vaks opp. Her skreiv han ein masse songar han aldri offentleggjorde. Dette har Billy Bragg og Jeff Tweedy plukka fram og laga melodiar til, med utruleg bra resultat. Sjekk for all del ut denne!!
BAD LIVERS
Delusions Of Banjer
Trioen frå Austin Texas, leverer her jordnær country/bluegrass ala Old And In The Way, med tidvis sterk dominans av banjo og mandolin.Sjekk også ut "Industri And Thrift", som er litt meir eksperimentell. Bluegrass/rock/blues/jazz m.m..Sterkt anbefalt!!!
OLD JOE CLARKS
Town Of Ten
Laidback country/country-rock som kan minne om ei blanding av Son Volt og Kaleidoscope. Her er det melankoli i massevis, med innslag av lap-steel, klarinett, banjo og dobro m.m. Høgdepunkt: "Breaking ground","Weekender" og "Too late"m.m.Sjekk også ut nr.2 "Metal Shed Blues".Vakkert!
MIKE HENDERSON
Edge Of Night
Country/Rockabilly/Blues i skjønn forening. Joe Ely meets The Maverics(?). Her er iallefall ein råbra cover av Zeppelin's "Nobody's fault but mine" .Ellers er "I wouldn't lay my guitar down" og "Edge of night" verdt å merke seg! Ei plate for alle lag!
BOTTLE ROCKETS
Bottle Rockets
Country-rock med skikkeleg driv ala Leroi Brothers/Hollisters, med gjestevokaler av Uncle Tupelos Jeff Tweedy og Jay Farrar. Sjekk ut "Hey moon","Gas girl" og "Every kinda everything". Dette svingar!
COWBOY NATION
A Journey Out Of Time
Dette er nok først og fremst ein cd for deg som likte Rank And File på 80 talet, for dette er brødrene Kinman i umiskjenneleg stil under nytt namn. Tradisjonell Western Music med stor cowboyhatt faktor. "Back in the saddle", "Two miles to town" og "Blood on the saddle" seier sitt. Eit triveleg gjenhøyr!!
Tilbake