70-talet
1. 2. 3.
****
THE ALLMAN BROTHERS BAND
A Decade Of Hits 1969-1979
For dei som ikkje har noko av sørstatsrockens nest største band, er dette ein fin begynnelse. Her er blinkskudd som "Midnight rider", "Ramblin man" og "Statesboro blues"Eit viktig dokument!Ellers kan de sjekke ut "Live At Fillmore East" og "Eat A Peach", som er siste albumet Duane Alman var med på. Klassikere!
FAIRPORT CONVENTION
Meet On The Ledge: The Classic Years 1967-75:
Englands største folkrockband på 70 talet, med Richard Thompson og Sandy Denny i spissen.Rolling Stone skreiv om den første "Fairport Convention" at om The Band hadde vore engelsk vil dei låte omtrent slik. Her er klassikere som "Matty Groves" og "Meet me on the ledge".Eit historisk dokument.
THE BAND
Stage Fright
The Band var bok betre kjent på 70 talet som backing bandet til Bob Dylan enn for sine eigne utgivelsar, noko som gudskjelov har retta seg etter kvart.Her finn du klassiker som "Time to kill", "The shape I'm in" og "Strawberry wine" Sjekk også den første "The Band" og "Music From Big Pink".
THIN LIZZY
Jailbreak
Kjende ikkje særleg til Thin Lizzy før "Whiskey in the jar" gjekk som ein farsott på slutten av 70 talet. Dette er den beste plata med "The boys are back in town" og "Jailbreak" Sjekk også "Dedication-The Very Best Of"
THE CLASH
Clash/London Calling/Combat Rock (USA)
Tre store album samla i ei innpakning, frå punkens store sønner. "The Clash" og "London Calling" har allerei fått stempel som store klassikere. Eit absolutt møst!!!
SEX PISTOLS
Never Mind The Bullocks
Nok ein milepæl i punkens historie. Johnny Rotten og Sid Vicious var dei slemmaste gutane i spesialklassa, med songar som "Anarchy in the UK", "God save the Queen" og "Liar". Historisk!
URIAH HEEP
Demons And Wizards
Ok. Dette var det store hatobjektet blant alle musikkjournalistar. Rolling Stone kalla dei ein mutant av Deep Purple og ga samtlige utgivelsar ei stjerne.Greit nok, men dette syns eg er ei ok plate, men også litt historisk, då det var den første plata eg kjøpte, men som eg aldri klarde å betale, so bror min kasja den ut og overtok."The wizard" var iallefall ein stor hit, og so får de dømme sjølve!
THE DOORS
L.A.Woman
60 og 70 talets beste rockeband, so lenge det varte. Med perler som "Riders on the storm", L.A.woman"og "Love her madly", er dette den beste, dog med dei andre halsande farlig nær etter. For dette var stort! Skal du ha ei samling er "The Best Of The Doors" å anbefale (Beste samlinga!)..
LOU REED
Walk On The Wild Side
Noko av det beste mannen bak Velvet Underground gjorde på 70 talet. "Sweet Jane", "Wild child" og "Satellite of love" m.fl er absolutt nødvendig å ha. Basta!!
BOB MARLEY AND THE WAILERS
Live
Mitt første møte med Bob Marley og reggae. Fekk høyre "I shot the sheriff" på radio og var heilfrelst. Dette var nytt og spennande, so eg kjøpte denne av pur nysgjerrigheit, og det angrar eg slett ikkje på. Dette er først og fremst ei veldig bra liveplate. Sjekk også "Burnin'", "Rastaman Vibrations" og "Catch A Fire"..
.
MOTT THE HOOPLE
The Ballad Of Mott: A Retrospective
Glamrockens (glam og glam fru Blom?!) kongar med Ian Hunter i spissen var, etter min meining det beste rockebandet frå England på 70 talet, so derfor treng du nettopp denne. Dobbel cd med det beste frå deira karriere. Her har du "Roll away the stone", "The golden age of rock'n roll"osv.osv..... Nok eit historisk dokument!
IAN HUNTER
Once Bitten, Twice Shy
Dobbel-cd med det beste Hunter har gjort sidan oppløysinga av Mott The Hoople. "All american alien boy", "Bastard", "The outsider" og "Old records never die", er noko av det du finn. Men kvifor er ikkje "Irene Wild" med?!!
DEEP PURPLE
Machine Head
Dette var tøft, og dette er nok det beste albumet dei har gitt ut. Er nok ikkje den heilt store Purple-entusiasten lenger, men denne plata fortjener klassiker-stempel."Space truckin" var himmelsk, for ikkje å nevne "Highway star" og "Smoke on the water"!
TOM WAITS
Closing Time
Visste lite om Tom Waits på 70 talet, men etter plater som "Rain Dogs" og "Swordfishtrombones" på 80 talet fekk eg sansen for denne "whiskeystemma". Dette er første albumet frå 1973, med "Ol'55",(kanskje bedre kjent i Eagles sin versjon)"Old shoes" og "Martha" som nokre av høgdepunkta, og med litt mindre rust i stemma. Sjekk den ut!
VAN MORRISON
Moondance
Samtlige kritikkerar har utropt "Astral Weeks" til klassiker, men kva med denne? Har alltid lurt på det. Syns personleg denne er bedre, med høgdepunkt som "Glad tidings", "Stoned me" og "Moondance".Døm sjølv!
DAVID BOWIE
The Rise And Fall Of Ziggy Stardust And The Spiders From Mars
Var ikkje av dei største tilhengarane av Bowie, før han kom med "Scary Monsters" i 1980, men då fekk eg også verkeleg sansen for det han gjorde.I selskap med div. andre utgivelsar på 70 talet er denne å anbefale, med hits som "Ziggy Stardust", "Star" og "Starman".
MARSHALL TUCKER BAND
The Best Of
Sørstats-/Countryrock med referanser til Lynyrd Skynyrd og Outlaws.27 melodiar, med høgdepunkt som "Can't you see"(Live og studio), "Searchin for a rainbow" og "Ramblin'"m.m. Vakkert!
SUPERTRAMP
Crisis? What Crisis?
Ein av dei første rock-platene eg kjøpte, og som lever den dag i dag. Dei fleste kritikarar meiner "Crime Of The Century" er den beste, men sjølv om eg likar den også, står denne høgre i kurs. Roger Hodgson og Richard Davies fronta denne gruppa, og komponerte det meste i lag. Nokre av mine favorittar er "Easy does it", "Sister moonshine" og "Lady".
>>>>>
Musikk