90talet
1. 2.
*****
16 HORSEPOWER
Sackclot N' Ashes
Kva musikk sjanger eg skal legge dette under, veit eg rett og slett ikkje, men tøft er det iallefall. Kan minne litt om Violent Femmes. Cowpunk kan kanskje vere eit alternativ.Sjekk ut dette, pluss"Secret South". Meget bra!
TRIBUTE TO GRATEFUL DEAD
Deadicated 
Her får du servert diverse Grateful Dead klassiker framført av bl.a Lyle Lovett, Los Lobos, Elvis Costello, Janes Addiction, Cowboy Junkies m.fl. Veldig kjekt å ha!!
TRIBUTE TO ROKY ERICKSON
Where The Pyramid Meets The Eye 
Roky sangar framført av ZZ Top, Primal Scream, Doug Sahm, Southern Pacific, Thin White Rope m-fl. Eit Møst!
ALICE IN CHAINS
Dirt 
Mitt absolutte favorittband frå Grønsj perioda. Dette er tungt og tøft, og med Layne Staleys særegne vokal er dette bortimot unikt. Høgdepunkt: "Them bones", "Dirt" og "Would". Få også med deg "Facelift"!! Sjølvsagt måtte også Staley ta ei overdose, dermed er nok ein særegen vokalist historie.
BARBIE BONES
Brake For Nobody 
Eit av tidenes mest lovande norske rockeband, traff dessverre ikkje det rette publikumet med musikken sin. Kanskje var dei rett og slett 5 år for tidleg ute? Trur desse kunne gjort det bra i selskap med band som Kula Shaker og Suede. Dette er britpop/psykedelia/rock som absolutt hadde fortjent ei bedre skjebne. Sjekk også ut "Death In The Rocking Horse Factory"!  
CROWDED HOUSE
The Very Best Of 
Australias store sønner, med brødrene Finn i spissen, var eit av dei beste pop-banda på 90 talet med slagere som"The weather with you", "Fall at your feet"og "Private universe". Mange samanlikna dei med Beatles, noko som kanskje ikkje er so dumt .Sjekk også ut Tim Finn's "Say it is so" og Neil Finn's "Try whisteling this" Vakker musikk for mørke kveldar!!
BUILT TO SPILL 
Perfect From Now On
Mørk rock dominert av gitar,trommer og bass med innslag av strykere, og ellers heilt utan samanligning med noko som helst. Dette må berre høyrast. Sjekk også "Keep It Like A Secret"!
DISHWALLA 
And You Think You Know What Life's About
Poprock med linkar til Depeche Mode og Paradise Lost, men meir gitarprega. Fin dansemusikk!
THE FLAMING LIPS
The Soft Bulletin 
Dette kunne vere ei blanding av Led Zeppelin(Sjekk "A spoonful weights a ton") og XTC. Fantasifull rock, med store variasjonar, noko som gjer plata spennande, sjølv om stemma til vokalisten tidvis er på bristepunktet. Ei plate eg får meir og meir sansen for. Sjekk den ut!.
KULA SHAKER
Dette var eit av dei beste rock banda frå England, på slutten av 90 talet. Her har du engelske tekstar iblanda litt Sanskrit,("Tattva") og asiatiske stemningar. Dette minner meg om tidleg Pink Floyd/Kaleidoscope. Ein Klassiker!!
MOTHER LOVE BONE
Stardog Champion 
Dette bandet er i mine øyrer noko av det beste som kom frå Seattle då Grønsj'en var på full fart inn, men sjølvsagt måtte vokalist Andrew Wood gå hen og ta ei overdose heroin. Levningane av bandet starta seinare Pearl Jam. Kan minne litt om Black Sabbath dette, men er slett ikkje noko plagiat. Høgdepunkt: "Stardog Champion","Capricorn sister" og "Crown of thorns". Meget,meget bra!
NIRVANA
Nevermind 
Må nok vedgå at dette er den einaste Nirvana utgivelsen eg eigentleg likte, men som til gjengjeld er veldig bra. Med høgdepunkt som "Smells like teen spirit"," In bloom"og "Lithium", er nok dette ein av dei utgivelsane som står sterkast frå 90 talet. Klassiker!
PLACEBO
Black Market Music 
Eit forholdsvis nytt band frå dei britiske øyar.Tidvis tung poprock ala Suede/Paradise Lost, men føretrekk dette framfor Suede.Dette er faktisk bra, veldig bra! Høgdepunkt: "Spite and Malice", "Special k" og den lett depressive "Black-eyed". Der er fortsatt håp!!!
THE SMASHING PUMPKINS
Mellon Collie & Infinite Sadness 
Nok eit rockeband eg har hatt sansen for ei stund, med seinare rocks mest særegne vokalist/låtskrivar. Her er du innom dei fleste rock-sjangerar, frå det meir symfoniske ala E.L.O til det mørke og dystre ala Faith No More. Dette er ein dobbel-cd, men 28 opplevelsesrike låtar. Stor plate!!
DIVERSE ARTISTAR
Sweet Relief 
Detter er nok ei tribute plate, denne gangen for Victoria Williams, med blant andre Lucinda Williams, Pearl Jam, Lou Reed, Jayhawks, The Waterboys m.fl. Her er det mykje bra!!
TRAVIS
The Man Who 
Britiske Travis lagar vakker melodiøs pop ala Crowded House, men kan ellers ikkje samanlignast. Her er pop-perler som "Driftwood", "Turn" og "Why does it always rain on me".Også musikk for dystre kveldar! Sjekk også ut "Invicible Band"! 90talets beste pop-band!!!!
BLIND MELON
Blind Melon 
Dette var også eit band eg hadde store forhåpningar til, men sjølvsagt måtte også denne særegne vokalisten/låtskrivaren stryke med, av ei overdose. Heldigvis rakk dei å gi ut to meget bra plater. Foruten denne er også "Soup" sterkt å anbefale.Dette må berre opplevast!!
COUNTING CROWS
This Desert Life
Amerikansk rock-band som tidvis kan minne om 80 talets Dream Syndicate, med streit, melodiøs rock'n roll. Høgdepunkt: "Mrs Potters lullabye", "Four days" og "St.Robinson in his cadillac dream".Flotte greier!
Neste>
Musikk