COUNTRY/FOLK/BLUEGRASS
1. 2. 3. 4. 5.
**************
PAUL BURCH
Pan American Flash
Dette er Hank Williams anno 1996, med sterk steel dominans.
"Losers way to get along", "Living, forgiving" og "Your red wagon" sender
deg tilbake til 40/50talet. Len deg tilbake og nyt!
LEE CLAYTON
Lee Clayton
Tidlegare jagerflygar som fann ut at han skulle prøve å gå andre vegar, og ga ut dette albumet i 1973. Country i beste singer/songwriter stil med mange høgdepunkt. 5 år seinare kom "Border Affair"(-78) fulgt av "Naked Child" (-79) som no er samla på 1 cd. Veldig bra!
COMMANDER CODY AND HIS
LOST PLANET AIRMEN
70 tals cosmic country ikkje so ulikt Gram Parsons, men er også innom Buck Owens. Dette er rockabilly/honky tonk/R&B i salig blanding. Ei plate som bør befinne seg i alle samlingar. Ellers finns det ein europeisk utgivelse: The Very Best (Plus..) som eg vil anbefale.
ELVIS COSTELLO
Blue
Costello gjer sine versjonar av Gram Parsons, Don Gibson, Hank Williams, Merle Haggard m.fl. Denne er muleg å oppdrive med 11 bonus spor! Eit møst!!!
BOONE CREEK
One Way Tracks
Bluegrass med Ricky Scaggs, Jerry Douglas og Wes Golding i spissen.
No med 3 bonus live spor. Vakkert!
DOLLY PARTON
The Grass Is Blue
Back where she belongs. Dolly er ein av dei eg aldri heilt har stolt på når det gjeld utgivelsar, men dette held iallefall i lange baner. Her tek framfører ho låtar av Johnny Cash, Louvin Brothers m.fl pluss 4 sjølvkomponerte, og har sjølvsagt med seg kremen innan bluegrass.
.
DWIGHT YOAKAM
Guitars, Cadillacs etc.etc
Første utgivelsen frå ein av "køntriens" redningsmenn, 1986. Hillbilly country so det held med Buck Owens som forbilde.Her er høgdepunkta mange, men vil særleg trekke fram "Bury me" i duett med Maria McKee (stor!)," It won't hurt" og "South of Cinncinati". Nok ein klassiker!
DWIGHT YOAKAM
Buenos Noches From A Lonely Room
Hans tredje album frå 1988. Stort sett i same gate som dei to foregåande, med høgdepunkt som "I sang dixie" og "Streets of Bakersfield", sistnevnte i duett med Buck Owens. Sjekk også ut "Hillbilly Deluxe" frå 1987.
STEVE EARLE AND THE DEL McCORY BAND
The Mountain
Vanskeleg å velge ut nokon favoritt når det gjeld Steve Earle, men dette er bluegrass med skikkeleg driv, og sjølvsagt har han gjesteartistar som Emmylou Harris, Iris Dement m.fl. Ellers er Earle mannen som kan overraske. Frå reine rock album til dette. Ein av dei største dei siste 20 åra. Sjekk også ut "Train A Comin'" (Heilakustisk) frå 1995 og den første, "Guitar Town" frå 1986.
JOE ELY
Honky Tonk Masquerade
Må vedgå at eg har problem med å sette dette i nokon spesiell bås, men kan vel seie det er ei blanding av Country/R&B/Rock med små innslag av Tex-mex. Sterke innsalg av elektriske gitarar og steel. Sjekk også ut "Live Shots", som også er veldig bra!
.
EMMYLOU HARRIS
Pieces Of The Sky
I sannheit eit av hennar beste album, der ho gjer sine versjonar av bl.a Dolly Partons "Coat of many colors" og Dr.Hook's "Queen of the silver dollar".Countryens førstedame! Må berre høyrast!
EMMYLOU HARRIS
Red Dirt Girl
Ei litt meir rocka utgave av Emmylou dette, med Daniel Lanois som produsent. Elektrisk og steel i skjønn foreining.
STEVE GOODMAN
Steve Goodman
Mannen bak tidenes største "trainsong" "City of New Orleans", mest kjent i versjonar av Arlo Guthrie og Willie Nelson. Døde dessverre av leukemi i 1984. Sjekk også ut "No Big Surprise" .
THE DESERT ROSE BAND
The Desert Rose Band
Chris Hillman og Herb Pedersen står i spissen for dette bandet som ga ut to plater på slutten av 80 talet. Elektrisk California country/western. Vakker danse- og bilmusikk med masse harmoniar. Anbefalast!
GRAM PARSONS
GP/Grievous Angel
Dei to soloplatene til Gram samla på en cd, og som sjølvsagt bør befinne seg i alle countrysamlingar. Ellers er også "Warm Evenings,Pale MorningsBottled Blues" verdt å ha. Ei samling frå den spede begynnelse med "The Shilos" i 1963, via International Submarine Band, The Byrds og Flying Burrito Bros.
FLYING BURRITO BROTHERS
Burrito Deluxe
Ikkje so mykje meir å seie om denne enn at det er Cosmic Country på sitt beste, med Gram Parsons, Chris Hillman, Bernie Leadon og "Sneeky" Pete Kleinow i spissen. Fåes også saman med "Guilded Palace Of Sin" på en cd. To absolutt nødvendige plater!!!!!!
JOHN HARTFORD
Aereo-Plain
Multi-instrumentalist og mannen bak "Gentle on my mind" (Frank Sinatra, Elvis Presley m.fl), men dette er bluegrass/country av første klasse.Fekk overstrøymande kritikkar for dette albumet då det kpm i 1971. Medmusikkantar: Norman Blake, Vassar Clements, Tut Taylor og Randy Scruggs. Eit stort verk, og definitivt ein klassiker!
THE HOLLISTERS
Sweet Inspiration
Country-rock i same bane som Mavericks, men kan også til tider minne om LeRoy Brothers. Høyr berre på "Love Rustler". Musikk for hyggelege lag so vel som i bilen. Absolutt dans- og høyrbart!!
LONESOME RIVER BAND
Old Country Town
Moderne bluegrass der Ronnie Bowman og Dan Tyminski deler på vokalprestasjonane. Referanser til 80talsartistar som Vince Gill og The O'Kanes, men uten forannevnte artistars tidvis glatte lydbilde. Vakker musikk til godt lag!!
>>>
Musikk