60 Talet
1. 2.
****
KALEIDOSCOPE
Side Trips
Gruppa som miksa masse forskjellige musikkstilar, Country/bluegrass/acid/folk/psykedelia/rock/Asiatisk folkemusikk pluss diverse epoker innan musikken som old time, ragtime m.m.. Dette er iallefall ei av mine favorittgrupper fronta av David Lindley. "Come on in" tek deg tilbake til 20 åra, medan andre favorittar er den mørke / dystre"Oh Death","Egyptian gardens" der kun magedanserinna manglar og "Hesitation blues". Sjekk ut "Infinite Colours, Infinite Patterns" som er ei samleplate!
THEM
The Story Of
Them, med Van Morrison i spissen. Irsk rock/rhythm&blues band med klassiker som "Gloria";"Here comes the night" og "Mystic eyes". Eit nødvendig rock-dokument frå 60 åra!
CAPTAIN BEEFHEART
Safe AS Milk
Den meir rock/R&b sida av Captain Beefheart, ganske so fjernt frå "Trout Mask Replica", og som enkelte kallar den gløymde klassiker. Dette er garasjerock ala` Them, Standells m.m, men med Beefheart's psykedeliske særeigenheit.I sannheit ein klassiker!!
THE SONICS
Maintaining My Cool
Dette er ei samleplate frå eit av dei store Garage/rock'n roll banda på 60/70 talet. Her er tidlegare uutgitte spor som for eksempel "Psyko" live frå 72, og ellers låtar som "Louie,Louie","Skinny Minny" og "Hitch hike". Sjekk også ut "The Sonics Boom". Meget bra!
THE KINKS
The Kink Kronikles
Kinks er gruppa som dessverre kom for mykje i skuggen av grupper som Rolling Stones og Beatles, noko som er sterkt ufortjent. Med slagere som "Lola", "Sunny afternoon" og "You really got me",fortjener dei absolutt ei overskrift i historiebøkene.
THE ELECTRIC PRUNES
Long Days Flight
Psykedelia/garagerock band med masse fuzza gitarar som hadde to store hit på 60 talet. "I had too much to dream last night" og Bo Didleys "Get me to the world on time". Dette er tøft!
THE VELVET UNDERGROUND & NICO
Ein av dei store utgivelsane på 60 talet, og eit album som for alltid
vil beholde klassiker-stempelet. Anført av Lou Reed får vi godbitar
som "I'm waiting for the man", "Venus in furs" og "Heroin". Noko
einkvar burde ha!
.
.
THE BEATLES
Rubber Soul
Dette trur eg var mitt første møte med Beatles. Det var også på denne plata dei begynte å eksperimemtere med diverse musikk former, bl.a ved å trekke inn sitar, gresklignande gitarer, fuzza bass og piano.Sjølvsagt er her masse høgdepunkt, som "Girl", "Michelle", "Norwegian wood", "Drive my car" m-m. Stort!
THE BEATLES
Revolver
Oppfølgaren til Rubber Soul, med stadig meir eksperimentering. No er også George Harrison begynt å vise seg som ein habil låtskrivar med bl.a "Taxman", "Love you too" og "I want to tell you". Ellers: "Yellow Submarine" med Ringo Starr på vokal. + +
THE BEATLES
Abbey Road
Dette var det siste studioalbumet dei gjorde i lag, og ei epoke var over, medan folk over heile verda gjekk rundt i sjokk Her er perler som "Come together", "Here comes the sun" og "Something". Eit sterkt sluttdokument.
THE STANDELLS
Best Of-Golden Archive Series
Nok eit garage/rock'n roll band, som til tider kan minne om tidleg Pink Floyd. Til og med Lowell George hadde eit kortvarig opphald i denne gruppa. Deira største hit var nok "Dirty water", men var også på listene med "All fall down" og "Why pick on me". Kjekt å ha!
CHOCKOLATE WATCH BAND
Fourty Four
Ok, detter er nesten ein kopi av Rolling Stones, men fortjener litt omtale likevel Dette er ei samling av det beste dei gjorde, med låtar som "Baby Blue", "She weaves a tender trap"og "I'm not like everybody else".Heilt ok plate!
THE SHADOWS OF KNIGHT
The Best Of / Dark Sides
Garage-rock ala` Standells/Them. Ga ut ein del ujevne album, men her er det beste samla, bl.a ein versjon av Them's "Gloria", Bo Didleys "Oh yeah" og Muddy Waters "I got my mojo workin'".Også kjekk å ha!
THE WAILERS
Tall Cool One
Dette er eit historisk band, for dette er eit av dei første kjende garagebanda i USA, og har sjølvsagt betydd mykje for dei som kom etter. So dette er rett og slett nok eit nødvendig rockdokument, pluss at det er meget bra!!
CREEDENCE CLEARWATER REVIVAL
Willie And The Poorboys
Creedence hadde nok også ein større heltestatus hjå meg på 70 talet, men dei ga no tross alt ut ein del bra plater. Dette er nok min favoritt med "Cotton Fields", "Don't look now" og "Effigy". Sjekk også "Green River". og "Bayo Country".
YARDBIRDS
Roger The Engeneer
Britisk Blues-Rock/Psykedelia band med bl.a Jeff Beck, Jimmy Page og John Paul Jones. Kjenner ikkje til andre en denne, men skal vere ein av dei beste.
THE ROLLING STONES
The Rolling Stones
Rolling Stones første utgivelse frå 1964, med kun ein sjølvkomponert låt. Hard-core Rhythm&Blues, med masse bra covere. Bl.a "Carol", "Route 66" og "I just want to make love to you". Sjekk også ut andre utgivelsar frå 60 talet, bl.a "Out Of Our Heads". Knallbra!
THE TURTLES
20 Greatest Hits
Los Angeles bandet The Turtles var veldig innfluert av britisk pop/rock, linka til grupper som "Gerry And The Peacmakers" og "The Beatles". Deira første hit var "It ain't me babe"(Dylan), som eigentleg er ein versjon eg kan styre mi begeistring for. Men her er mykje anna bra, som "Happy together"(Så lykkelig i Sverige-Prima Vera), "Eve of destruction"m.m. Fortjener absolutt oppmerksomheit.
Pink Floyd
Piper At The Gates Of Dawn
The Pretty Things
Get The Picture?
Procol Harum
A Salty Dog
Musikk