80talet
1. 2.
*****
WIDESPREAD PANIC
Space Wrangler 
Sørstatsrock anno 1989, med peikarar til Black Oak Arkansas, Marshall Tucker Band m.fl. Høgdepunt:" Traveling light","Driving song" og "Space wrangler". Sjekk også ut den andre "Widespread Panic".Meget bra!!
THE COSTELLO SHOW
King Of America 
Dette er etter min meining det beste albumet han ga ut på 80 talet, produsert av T Bone Burnett og med favorittar som "Brilliant mistake", "Out little angel" og "American without tears". Sterkt anbefalt!!
THE CRAMPS
Psychedelic Jungle/Gravest Hits
Punk/Psychedelia/Rockabilly gruppe med høg rølpefaktor, med titlar som "Can your pussy do the dog"o.s.v. Utan vidare kommentar, men sjekk den ut!
DREAM SYNDICATE
Out Of The Grey 
Eit av 80 talets beste live-band, med Steve Wynn i spissen. Laga først og fremst sterke melodiar, noko som definitivt kjem til uttrykk på dette albumet.Høgdepunkt: "Out of the grey", "Forest for the trees" og ""Boston". Sjekk også ut den meir depressive cd'en "Medicine Show". Rock'n Roll!!
THE LONG RYDERS
Native Sons 
Country-rock band med The Byrds som sine forbilder, men slett ikkje plagsomt likt. Dette er bra, med høgdepunkt som "Run Dusty run","Sweet mental revenge" og "Never got to meet the mom"!
ROKY ERICKSON AND THE ALIENS
The Evil One 
Denne lettare sinnsforvirra mannen, som stod i spissen for det psykedeliske 60 tals bandet 13th Floor Elevators fortjener absolutt å bli lånt eit øyre. Med mørke tekstar som "Don't shake me Lucifer", "I think of demons" og "Stand for the fire demon" er dette absolutt noko for oss småparanoide. Sjekk den ut!
CHRIS ISAAK
Silvertone 
Treng du litt melankoli får du det her, i lange baner. Dette er sårt og vakkert. Ingen lagar songar om brustne hjerter som Chris Isaak. Favorittar: Samtlige!! Få også med deg cd'en "Chris Isaak". Dette er dei to første han ga ut, og som eg meiner er dei beste.
THE CURE
Staring At The Sea-The Singles 
Dette er ei samleplate med det beste dei gjorde mellom 1979 og 85, og er etter mi meining den beste perioda. Kan tidvis minne om ei blanding av The Clash og Stranglers, men med eit litt tyngre/dystrare sound etter kvart. "Boys don't cry", "Killing an arab" og "The walk" er nokre av mine favorittar.
ROBERT PLANT
Pictures At Eleven 
Når det gjeld sound, ligg ikkje denne plata so langt unna Zeppelin's "In Through The Outdoor", men er ikkje slett so pompøs som den tidvis er. Her er vakre ballader som "Moonlight in Samosa"og "Slow dancer" til dei meir rocka "Burning down one side" og "Worse than Detroit". Veldig bra plate. Sjekk også ut andre cd'en "The Principle Of Moments".
HUSKER DU
Warehouse Songs And Stories 
Eit av dei klassiske albuma frå 80 talet, med høg støyfaktor. Dette kan tidvis vere so støyande at det er vanskeleg å få med seg teksten, men etter ein del gjennomlytting går det bra. Kan minne om Dead Kennedys til tider. For dei meir hardbalne!!
THE POLICE
Regatta De Blanc 
Denne kom nok i 79, men det var først eit par år seinare eg høyrde den og vart frelst. Dette var også nytt og spennande, med den spesielle blandinga av Rock, Punk og Reggae."Message in a bottle", "It's alright for you"og "Deathwish"er favorittar. Klassiker!!
THE PRETENDERS
Learning To Crawl 
Dette var også ei plate som gjekk rett i hjerna, og var ikkje minst ein befrielse frå all syntmusikken ein stadig måtte høyre på denne tida. For ikkje å snakke om stemma til Chrissie Hynde. Den tøffaste sidan Patti Smith. Dette er PopRock med driv! Høyr berre på "Middle of the road", "Watching the clothes" og "Thumbelina". Nok ein klassiker!
THE SMITHS
The World Won't Listen
The Smiths var nok eit av dei største banda frå England dette tiåret. Morrisey må også vere innehavar av rockens mest klagande/triste stemme, og med masse depressive tekstar er dette eit alternativ til juleplata. Favorittar: "Ask", "Bigmouth strikes again" og "The boy with the thorn in his side".
VIOLENT FEMMES
Add It Up (1981-1993) 
Rølperock deluxe, men du verden kor bra. Var heilfrelst etter utgivelsen "Hallowed Ground". Med gitar/vokal, kontrabass og ei skarptromme fekk dei dette til å låte veldig bra. Sjekk ut "Gone daddy gone", "Country death song" og "Jesus walking on the water". Tøft!
BODEANS
Love & Hope & Sex & Dreams 
Låtskriverparet Neuman/Llamas fortjener absolutt ein plass ved sida av par som Lennon/McCartney m.fl. Med sine (nesten) nasale, men flotte stemmer leverer dei her køntrirock av høg klasse, so har du lyst på ei litt meir rocka utgave av Mavericks er dette absolutt noko å satse på. Lytt og kjøp!!
THIN WHITE ROPE
Sack Full Of Silver 
Mitt favorittband frå 80 talet, med ein unik vokalist og ein like unik gitarist. Rock med innslag av country, og med verdas mest forvrengte gitarsound. Dette må berre høyrast for å forstå. Sjekk også ut dei andre utgivelsane, som "Moondance","The Ruby Sea" og samlinga "When Worlds Collide"!!!!!!!!!!!!!!!!
>>>>>>
Musikk