...........

vrede

Guds vrede.
 
Då eg låg der i graset
og drøymde
då eg låg der og togg
på eit strå
såg eg sjela mi
flykte med vinden
og mine tankar vart skitne
og grå
....
Alle redslar kom dettande
på meg
var makteslaus
utan forsvar
dei slo rot i mitt mjukaste indre
der sjela mi ein gong var
....
No går eg sjeleslaus rundt
utan framtid
medan redslane ruskar
og riv
den vesle flamma som brenn
langt det inne
er enno aktiv
men heilt utan liv
....
Alle dagar er lange
og triste
ser demonar som virrar
omkring
er i pakt med den svartaste
skare
på evig vandring
i ingenting.
Tilbake

<< Previous 1 2 3 4 5 Next >>