.....................................

|
Vinterkveld
To
negrar
i
snikkaruniform
pluss
ein langhåra frik
som
tydelegvis hadde tatt
noko
han ikkje hadde lov til
å
ta
var
selskapet
Den
iskalde vinterkvelden
hadde
bedt meg gå inn dit
so
eg ikkje skulle fryse ihjel
Gjer
alltid som vinterkvelden seier
då
han kan fryse ræva av deg
på
«no time»
om
du går for lenge gatelangs.
«Stargate»
Porten
til ein annan dimensjon
Jau
det
kan ein vel trygt seie
Bule!
ikkje
noko anna enn ei jævla bule!
og
so musikken då
meir
som kuraut
katsenjammer.
spør du meg!
men
der var billeg
27
kroner for ein halv ein!
Rota
i lomma
visste
eg hadde smått med pengar
men
bad til Gud at eg måtte ha nok
til
ein til
Det
var tydelegvis ikkje mannen
som
gir ved dørene
To
kroner
eg
mangla to lusne kroner
og
vart desperat
Dunka
bort i den eine negeren
(den
andre var allereie på vei
til
eit anna bord)
men
han trekte berre på skuldrane
og
skulle ikkje forstå
Friken
heldt på å sovne
ruska
lett i han
«Hei,
har du to kroner til låns?»
Dei
matte augene gjorde eit forsøk
på
å møte mine
«Jei
hakke no spenn jei asså»
«hakke
no spenn...»
Leppa
krølla seg nesten under haka
Vinterkvelden
bad meg halde meg i ro
men
øltørsten bad meg gå
derfor
valde eg det siste
Vel
ute på gata fekk eg telefon
frå
ein full sunnmøring
som
berre skulle prate
og
som slett ikkje kunne hjelpe meg
då
han var heime
Slo
av telefonen
før
han vart for travel
Prating
kunne vi ta oss av ein annan gong
Turen
opp Torggata var traumatisk
alle
plassar var for dyre
Cacadou
var siste håp
einaste
plassen eg kunne treffe kjentfolk
Tre
potensielt narkomane
to
kaffislurpande jenter
og
ein som berre såg full ut
viste
meg det håplause i situasjonen
Var
nok berre å vende heim
Sofaen
tok imot meg
med
eit lettelsens sukk
då
eg velta meg oppi
var
vel lenge sidan han hadde sett meg
kanskje
redd
det
hadde hendt meg noko
Tiaren
datt ut av brystlomma
då
eg sa godnatt
og
vreid skjorta over haudet
Samanstøyten
med askebegeret
før
den trilla under sofaen
var
som musikk i mine øyrer
Å
nei du
smilte
eg
ingen
kvile no
Livet
skratta imot meg
frå
veggen
Enno
ein og ein halv time
til dei stengde
på Beckers.
|