Ein mai-dag.
«Tjoff, tjoff, tjoff»
Syttandemaitoget rullar forbi
idet eg slår augene
opp
over vegkanten
Det ligg ein eim rundt
meg
etter dagar utan
vatn
Ungane peikar og ler
syns det står av seg
mødrene derimot
skyssar dei vidare
med tydeleg forakt i
blikket
Eg rapar
strekk dei møkkete
armane
mot himmelen
og skrik
Flaggbæraren går på
trynet i asfalten
fell nesten i uvit
Ungane spring i skjørtet
på mor si
slik at både det eine og
det andre
kjem til syne
Korpset, dei
bråkebøttene
flokar seg inn i alle
dei vakre notane
dei skulle spele
før panikken bryt
laus
Eg ler
brest ut i ein hysterisk
krampelatter
eg ikkje heilt kan
styre
Her eg ligg hikstande og
tvikroka
i vegbana
ser eg restane etter
toget forsvinne
over bakketoppen
og dei paniske
skrika
forstummar
Reiser meg
børstar støvet av
kleda
før eg igjen set kursen
for veggrøfta
og alle dei gode venene
mine.
Tilbake