|
Tankar
Natta sig innover landet
Skodda ligg tjukk over
tregrensa
og det er surt ute.
James Brown fortel meg
via radioen
at han er ei sexmaskin
Kva so?
Eg gir vel blanke!
trur ikkje noko særleg på det heller
mannen må no nerme seg
dei åtti
minst!
Nei, eg har jaggu nok med mitt
ikkje sexlivet då
det er vel eigentleg ikkje noko
å skryte av
men med mitt meinar eg
tankane
som til stadigheit
ligg og surrar oppe i den vesle
skallen
Gode tankar
vonde tankar
tvangstankar
ja, Gud veit kva slags tankar
men ein ting er sikkert
nokon tankar om framtida
har eg ikkje gjort meg
for den ser dyster nok ut
slik det er
Tilbake
|