Songen om Fossastøylen.
(Melodi: Nidelven)
Fossastøyl fagre eg minnast deg vel
der under Blåefjellet
Der du ligg lunt i ein ven sommarkveld
fager i bakkehellet
Bjøllene kling i ein ven harmoni
buskapen kjem på ein veltrakka sti
No denne tid er forlengst gått forbi
no er det berre minne
***
Einsam ligg støylen og fjella ikring
står der so stussleg og teier
Ingen som haukar på fjell og i li
ikkje ein kulokk å høyra
Fosselva susar og smyg seg forbi
det vil ho gjera og berre fordi
slik hev ho susa i alle si tid
No er det berre minne
***
Ræsene attgrodd og vandt er å sjå
der dei seg krokar og kringar
Ikkje ein fot no der trakkar oppå
berre reven som går her og ringar
Før høyrdest kulokk og læte av born
kurauten svara frå nut og frå horn
No er det slutt, no er dette forbi
No er det berre minne
***
Støylsvollen attgrodd av kratt og av lyng
mange av steinane gøymde
Her høyrde ein fjellsporven vemodig syng
no er dei tonane gløymde
Sela står stussleg og gamle og grå
men du, kor kjære for auga å sjå
Her var det gildt då vi sprang her som små
No er det berre minne
***
Hiv på deg ryggsekken, ta so i veg
oppover bratte vegen
Når du på høgda får setja deg ned
vert du bå' glad og fegen
Her er naturen so drusteleg stor
fjella ris opp bå' i sud og i nord
For dette veldige fins ikkje ord
Gøym det som kjære minne
***
Når du på Fossastøyl rastar til slutt
og er bå' trøytt og moden
Kok deg ein kaffi og kvil deg godt ut
so vert du rask og rørig
Skulle hatt hug til å fylgje med deg
her kjenner eg godt kvart tripp og stig
Hels Fossastøylen so kjærleg frå meg
Sei takk for dei kjære minne.