Nostalgi er vel ordet som kan brukast om dette her. No vert det nok ikkje reist so mykje på festivalar lenger, muleg at alderen er ei årsak, men artig var/er det, uansett kva minner ein har. Trudde eg hadde ein del bilder frå diverse festivalar, men det viser seg at dei fleste er lysbilder, men det er eg i ferd med og gjera noko med. Får sjå etter kvart. Her er iallefall ein del.
Reknar med at dei fleste som har vore på ein eller annan festival vil kjenne seg ( eller andre) igjen i denne historia.
............................
Festivalsommar.
Det går på tredje døgnet
cowboy støvlane gneg som berre pokker
og den hjulbeinte ganga slit
på knehasane
Føler meg sliten
men prøvar å halde hovudet kaldt.
Ingen må sjå eg har det vondt
Dei lett diffuse minna
frå kvelden før
gjer ikkje forma betre akkurat
Velsignar i stillheit mørket
som har begynt å senke seg
over landet
Om ei stund kan eg vrenge av meg støvlane
l egge føtene i blaut
og flykte inn i søvnen
men enno er det tidleg natt
Er ålsvett under hattebremmen
tørkar diskret bort det meste
med handbaken
når eg er sikker på at ingen ser det
Set kursen for ei gruppe filtcowboyar
inne i skogholtet
Bjøro Haaland på full guffe
legg seg nådelaust i øyret
men eg held stilen
Ingen reiser på køntrifestival
utan "cowboyen" i seg
"Howdy folks, står det bra til?"
Ventar breibeint på svar
"Jøss, ja
sjå og slå deg ned
før nokon annan gjer det!"
Høg latter
"Mister Bad Guy"
med bootsa på bordet
er tydeleg sjef
Småkvalm og skjelven legg eg colten på armlenet
fjernar snusa frå den sviande overleppa
og tek villeg imot glaset med den ubestemmelege væska.
Fuselen riv i nasa
brekningane er ikkje langt unna
etter den første supen
Kikar meg rundt
"The Wild Bunch" står det
med feite bokstavar over døra til campingvogna
"Første gongen Dykk er her?"
"Neida, me er her på tiande året no"
Stillheit
famlar etter fleire ord
Sørstatsflagget på den provisoriske flaggstanga
blaffrar i vinden
Dei mørke skyene som har fylgt meg
nokre timar
legg seg brått over skuldrane igjen
Ein underleg varme
stig frå magegropa
opp gjennom halsen
Spya klaskar i bordet utan forvarsel
"Jævla amatør!"
registrerar eg
før knyttneven råkar meg i pannebrasken
og eg kavar rundt i gjørma
delvis maltraktert
med den vakre Sputnikskjorta
tildekt av spye og møkk
Med halen mellom beina
traskar eg nedbroten inn mellom
dei nakne trea
på leit etter teltplassen
Vaknar ihopkrøkt under ei gran
idet sola blenkjer i doggdropane
Lukta av nykokt kaffi
blandar seg med den rame stanken av oppkast
sterk sveitte og urin
som ei lita påminning
om at ein ny dag er i emning
med nye mulegheiter
nye drammar
nye bravadar
Dei mørke skyene
er brått over meg igjen
Sig hjelpelaust saman i lyngen
tårene smakar salt
og den veksande klumpen i halsen
pressar fram eit sårt rop om hjelp
"Eg vil heim!"
hikstar eg
"eg vil heim!"
Føler meg passe uggen
då eg endeleg finn teltet
berre for å oppdage at der allereie
er full fest
og at me framleis har mykje igjen
å drikke.
************************************************************************************************