|
Dr.Jekyll and Mr.Hyde
Det har nok etter kvart
gått opp for meg dette
at eg med åra har vorte
meir og meir patriot
Når eg for eksempel
ser på engelsk fotball
er det alltid det laget med
norske spelarar
eg heiar på
men
startar laget kampen med min
norske favoritt på benken
vert eg syrleg
heilt til han kanskje kjem inn
Om han ikkje kjem inn
i det heile tatt
er kampen øydelagt
og eg frydar meg viss dei taper
Om begge lag har norske spelarar
håper eg sjølvsagt
på uavgjort.
Kanskje ber eg på ein liten
nasjonalist
langt der bak i skallen
som ein dag vil øydelegge
livsløpet mitt
i form av ei splitta
personlegheit?!
På dagtid kan eg vanke saman med
alle utlendingane
nede på kneipa
for so om natta å
brenne kors utanfor heimane deira
eller kaste stein etter dei
og brøle
"Auslender aus!"
og det som verre er?!
Eg meinar
det har no skjedd før!
Tilbake
|