Eit dikt om Dalsfjorden.

*

Å Dalsfjord, bygdi kjære, me elska deg må

du lær imot oss blidt med fagre strender

Du ruva 'kje blant store, du reknast med dei små,

og mange var 'kje heller dine grender

Men aldri såg me stad der me una slik som her.

Me lengtar stødt attende om stundom bort me fer

og glade alltid heimatt til deg vender.

*

Frå Velsvik nordan ute til Steinsvik inn i sud

gjeng fjorden blå og speglar lid og lende.

På båe sider bratte stig fjelli opp og ut

og soleis bod om bygdi vida sende.

So ligg du Dalsfjord lugumt og trivlegt til for oss

med jord og skog og sæter og elv i kåte foss.

Nei, ingen stad so hugnadleg me kjende.

*

Og midtbygds fritt på bøen i Dravlaus fagre grend

er kyrkje reist med tårnet imot høgdi.

Som heilagt samlingsmerke ho vigsla for oss stend

når klokka ringjer helgi over bygdi.

Me aldri gløymer ferdi med kyrkjebåt på fjord,

i ange god frå vårskog og song av fuglekor

til om av klokkeklangen langs med strandi.

*

Ja, Dalsfjord tak vår hylling, me elska deg må,

du i vår hug hev plassen som vår beste.

Um tidene dei skiftar og ætt gjeng til og frå

du alltid trugne hjarto til deg feste.

Me vyrdsle skal den arven du gav oss rikt i famn.

Han heilag skal oss vera, som kjært er oss ditt namn,

og vern og vakt det aldri skal deg reste.